Tempelfjorden ligg inst i Isfjorden på Spitsbergen i øygruppa Svalbard. Han er den inste delen av Sassenfjorden og går av frå denne mot nordaust og er rundt 15 km lang. Der fjorden skiftar namn ligg fjellformasjonen Tempelet. Inst i fjorden finst det førekomstar av gips og anhydritt.
Tempelfjorden har den beste ankerplassen i området.