Terry Callier | |||
| |||
Fødd | 24. mai 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois i USA | ||
Død | 27. oktober 2012 (67 år) | ||
Dødsstad | Chicago i USA | ||
Fødenamn | Terrence Orlando Callier[1] | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1962–1983, 1991–2012 | ||
Sjanger | Folk, jazz, soul | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano | ||
Plateselskap | Cadet Records, Elektra Records | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, dataprogrammerar |
Terrence Orlando «Terry» Callier (24. mai 1945–27. oktober 2012) var ein amerikansk jazz-, soul- og visesongar.[2]
Callier vart fødd nord i Chicago og voks opp i området Cabrini–Green. Han lærte seg å spele piano og var barndomsven med Curtis Mayfield, Major Lance og Jerry Butler, og byrja å syngje i doo-wop-grupper i tenåra. I 1962 prøvespelte han for Chess Records, der han spelte inn debutsingelen «Look at Me Now».[3] Samstundes byrja han på college og spelte på viseklubbar og kafear i Chicago, der han vart sterkt inspirert av musikken til John Coltrane.[4] Han møtte Samuel Charters i Prestige Records i 1964, og året etter spelte dei inn debutplata hans. Charters tok så lydbanda med seg ut i den mexicanske ørkenen og albumet vart ikkje gjeven ut før i 1968 som The New Folk Sound of Terry Callier.[3][5] To av songane til Callier, «Spin, Spin, Spin» og «It's About Time», vart selte inn av det psykedeliske rockebandet H.P. Lovecraft i 1968 på albumet H.P. Lovecraft II.[6] Eit bandmedlem i H.P. Lovecraft var George Edwards, som kjende Callier frå visemiljøet i Chicago, og han kom til å produsere fleire songar for Callier i 1969.[6]
Han fortsette å spele i Chicago og i 1970 vart han med i Chicago Songwriters Workshop, ei gruppe låtskrivarar, som vart samla saman av Jerry Butler. Han og partneren Larry Wade skreiv songar for Chess og etiketten deira Cadet, inkludert The Dells-hitten «The Love We Had Stays on My Mind» i 1972. Som følgje av dette fekk ha sjølv platekontrakt med Cadet som visesongar. Tre kritikarroste, men kommersielt mislukka album følgde, produsert av Charles Stepney: Occasional Rain (1972), What Color Is Love (1972) og I Just Can't Help Myself (1974). Desse synte at Callier var påverka av R&B, soul og jazz. Sidan turnerte han med George Benson, Gil Scott-Heron og andre. Cadet og moderselskapet Chess vart seld i 1976 og Callier vart så droppa frå selskapet. Låtskrivargrupa vart lagt ned i 1976. Året etter signerte han ny kontrakt med Elektra Records, og gav ut albuma Fire On Ice (1977) og Turn You to Love (1978).[5][7] Opningssporet på sistnemnde, «Sign of the Times», vart nytta som kjenningsmelodien til radioprogramet til Frankie Crocker og vart den einaste singelen Callier fekk inn på den amerikanske singellista, ein 78. plass på R&B-lista i 1979 og han fekk spele på Montreux Jazz Festival.[5][8]
Callier fortsette å spele og turnere fram til 1983, då han fekk foreldreretten over dottera og trekte seg frå musikkarrieren for å studere informatikk, og fekk ein jobb ved University of Chicago. Samstundes studerte han sosiologi på kveldstid. Han dukka opp frå gløymsla mot slutten av 1980-åra å britiske DJ-ar oppdaga dei gamle innspelingane hans og byrja å spele songane hans på klubbane. Acid Jazz Records-sjefen Eddie Piller gav ut på ny ei lite kjend Callier-innspeling frå 1983, «I Don't Want to See Myself (Without You)», og henta han til å spele på klubbar i Storbritannia. Frå 1991 reiste han ofte i jobbferiane sine for å halde konsertar.[5][9]
I 1994 gav Urban Species ut det første albumet sitt, Listen, der tittelsporet sampla basslinja og gitarriffet frå Callier-songen «You Goin' Miss Your Candyman» frå 1973.[10] Seint i 1990-åra byrja Callier på eit comeback i plateindustrien og samarbeidde med Urban Species på EP-plata deira Religion and Politics i 1997 og medverka på Beth Orton-EP-en Best Bit, før han gav ut albumet Timepeace i 1998. For dette albumet vann han Dei sameinte nasjonane sin Time For Peace-pris for eineståande kunstnarisk medverknad til verdsfred. Kollegaene hans ved University of Chicago kjende ikkje til musikklivet til Callier, men etter meldingane om prisen nådde arbeidsplassen vart musikaren kjendis og etter ei stund slutta han i jobben sin for å fokusere på musikken på heiltid.[3][9]
I tillegg til å gå attende som internasjonal turnémusikar fortsette Callier platekarrieren sin og gav ut fem album etter Timepeace, inkludert Lifetime (1999), Alive (2001), Speak Your Peace (2002), med Paul Weller på singelen «Brother to Brother», Golden Apples of the Sun (2003), med tekst frå W.B. Yeats-diktet The Song of the Wandering Aengus og Lookin' Out (2004). I mai 2009 kom albumet Hidden Conversations der Massive Attack bidrog.[7][9] I 2001 spelte Callier «Satin Doll» for Red Hot Organization-albumet Red Hot + Indigo, ei hyllest til Duke Ellington der inntektene gjekk til forskjellige veldedige føretak kring AIDS.
Callier døydde av kreft 27. oktober 2012, 67 år gammal.[11]