The Angel & The Gambler Singel av Iron Maiden frå albumet Virtual XI | ||
B-side |
7" biletdisk | |
---|---|---|
Utgjeve | 9. mars 1998[1] | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 9:56 (Part 1) 6:05 (Part 2) | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Virus» (1996) |
The Angel & The Gambler | «Futureal» (1998)
|
«The Angel and the Gambler» er ein song av Iron Maiden frå albumet Virtual XI som vart gjeven ut i 1998. Singelen kom ut to veker før Virtual XI.
Det var den første Iron Maiden-singelen med ein video som B-side. Singelen inneheld to lydspor med konsertopptak frå Kåren i Gøteborg i Sverige i 1995 på «The X Factour»-turneen.
Bandet gav òg ut ein musikkvideo, som inneheldt ein forkorta versjon av songen. Videoen er nesten i Star Wars-stil og består av ei heilt dataskapt verd med romvesen av forskjellig kvalitet. Videokonseptet, særleg Blaze som går inn i ein bar med ein brun hatt og lang frakk, var i same stil som omslaget til Somewhere in Time, spesifikt singelen «Stranger in a Strange Land».
Singelen vart gjeven ut i fire versjonar: CD 1 kom med ein plakat og «Virtual XI Fixture List 1998» på den eine sida og bandet i Maiden si fotballdrakt med somme av favorittspelarane deira på den andre sida. CD 2 inneheld tre kort der musikarane poserer i fotballdrakt og inneheld ein forkorta versjon av «The Angel and the Gambler». Den tredje var ei 7" biletplate og den fjerde ein CD maxi-singel med begge B-sidene.
7" biletplata hadde ein konsertversjon av «Blood On The Worlds Hands» som B-side. Cd 1 hadde òg «Blood On The Worlds Hands» og «Afraid to Shoot Strangers». Cd 2 hadde ein konsertversjon av «The Aftermath» og videoen til «Man on the Edge». Maxi-singelen hadde begge konsertopptaka, men berre videoen til «Afraid to Shoot Strangers».
Henta frå singelomslaget:[2]
Liste (1998) | Plassering |
---|---|
Den nederlandske singellista | 52[3] |
Den finske singellista | 3[4] |
Den tyske singellista | 61[5] |
Sverigetopplistan | 29[6] |
UK Singles Chart | 18[7] |