The Blue Mask Studioalbum av Lou Reed | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. februar 1982[1] | |
Innspelt | Oktober 1981 | |
Studio | RCA Studios, New York City | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 41:00 | |
Selskap | RCA | |
Produsent |
| |
Lou Reed-kronologi | ||
---|---|---|
Rock and Roll Diary: 1967-1980 (1980) |
The Blue Mask | Legendary Hearts (1983)
|
The Blue Mask er det ellevte studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed. Det var det første albumet han gav ut etter at han forlet Arista Records og kom attende til RCA Records. Albumet kom ut på 40-årsdagen til Reed og dekkjer tema som ekteskap og det å slå seg til ro,[1] i tillegg til tema som vald, paranoia og alkoholisme.
Gitarane til Reed og Robert Quine vart miksa separat i høgre og venstre stereokanal. For å skilje gitarlyden sin frå Reed sin, nytta Quine ei D-stemming, og spelte kvar song som om det var ein toneart høgare.
Quine, som fleire år tidlegare følgde The Velvet Underground over heile landet og tok opp fleire av dei tidlege konsertane deira på lydband (seinare gjevne ut som Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes), passa godt inn i lag med Reed. Quine turnerte òg med Reed etter albumet og var med på innspelinga av konserten på The Bottom Line kalla A Night with Lou Reed. Quine skildra seinare albumet som «ei plate eg er særskild stolt av. Me hadde aldri spelt i lag før me gjekk i studio. Det var ingen øvingar og et meste av gjort på eitt eller to forsøk. Eg likar alt eg har gjort med Lou, men den plata vil alltid vere spesiell for meg.»[10]
Fernando Saunders, som seinare samarbeidde mykje med Reed, spelte bass og song korvokal (mellom anna falsett-synginga på slutten av «Heavenly Arms») på dette albumet og er òg med på A Night with Lou Reed. Saunders sa seinare «det var som ein draum som vart oppfylt. Lou ønskte at eg skulle spele ting ingen andre ville la meg spele, ting eg kunne sitje på soverommet mitt og spele. Brått var eg glad for at eg ikkje hadde gjeve opp musikken for ein jobb i onkelen min sitt forsikringsselskap.»[11]
Albumet inneheld ingen ekstra lydspor, unntatt gitaren til Reed på «My House», men all vokalen vart overdubba, utanom på «The Heroine». Trommeslagaren på albumet var studiomusikaren Doane Perry, som seinare vart medlem i Jethro Tull.
Plateomslaget vart designa av den dåverande kona til Reed, Sylvia, og syner ein blå versjon av eit fotografi teken av Mick Rock frå plateomslaget til Transformer i 1972.
I 2000 vart det gjeve ut ei ommastra utgåve av The Blue Mask.
Robert Palmer i The New York Times meinte det var årets beste rockealbum, og skreiv at Reed endeleg hadde klart å matche «dei harde, tankefulle og urokkelege songar» frå Velvet Underground sitt banebrytande debutalbum frå 1967. Han roste òg musikarane, særskild gitararbeidet til Reed og Quine, og skreiv at dei «samspelar med ein slags empati og klårheit ein ventar av ein erfaren jazzkombo, og musikken strekk seg alltid ut for å invitere lyttaren inn, sjølv på sitt mest intense personlige nivå.»[12]
Robert Christgau i The Village Voice gav i starten The Blue Mask karakteren A+: «Aldri har Lou høyrdest meir ut som Ginsberg, meir ta-det-heilt-ut enn på dette albumet, som er hans mest kontrollerte, tydelege, djuptfølte og uhemma ... han høyrest glad ut for å vera i live, slik at redsel og smerte blir høve for mot og det veltalande, det bitre og sarkastiske.» Christgau roste òg musikarane, og skreiv at «røysta til Reed - presis, samtalande, rørande enten det er direkte eller inspirerande - syng kjærleiken hans til språket i seg sjølv, med Fernando Saunders sin bass artikulerer ømheita hans og gitarane til Robert Quine og Reed sjølv gir uttrykk for den forferdelege venleiken han har bert fram.»[13]
Ira Robbins i Trouser Press likte albumet og kalla det «ein triumferande suksess» med «noko av den sterkaste låtskrivinga til Reed på mange år. Portretta han målar er elendige karakterar som lever utanfor samfunnet; det er ikkje tydeleg om dei er oppdikta eller ikkje.»[14]
NME sa «Det som gjorde The Blue Mask til Lou Reed sitt vegskilje var valet av musikarar, ei super samling av new wave-musikarar – Fernando Saunders på bass, Doane Perry på trommer og den legendariske Robert Quine på gitar.»[15]
Barney Hoskyns kritiserte derimot albumet for ein «sleip sjølvtilfredsheit som sa: 'Eg var kanskje litt av ein tosk då eg spankulerte rundt på scenen med ei nål i armen, men eg er nå ein ekte artist, og du vil behandle meg som det.'»[16]
The Blue Mask vart seinare plassert på femteplassen i den årlege Pazz & Jop-undersøkinga blant kritikarar, som vart publisert i The Village Voice.[17]
Seinare likte Jess Harvell på Pitchfork Quine si «virtuose blanding av post-Reed støygitar og melodirikdom frå kjappe viser» og skreiv at «The Blue Mask er framleis plata å setje ved sidan av Transformer og Street Hassle. Albumet sette Reed igjen på linje med punk og new/no wave-rlrsane han var med å skape, og det vart hjelpt inn i kanonen av dei sterkaste (og mest hjarteskjerande) songane hans på mange år.»[18]
Alle songar er skrivne av Lou Reed.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «My House» | 5:25 |
2. | «Women» | 4:57 |
3. | «Underneath the Bottle» | 2:33 |
4. | «The Gun» | 3:41 |
5. | «The Blue Mask» | 5:06 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Average Guy» | 3:12 |
7. | «The Heroine» | 3:06 |
8. | «Waves of Fear» | 4:11 |
9. | «The Day John Kennedy Died» | 4:08 |
10. | «Heavenly Arms» | 4:47 |
Liste (1982) | Plassering |
---|---|
Nederlandske album (Album Top 100)[19] | 28 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[20] | 52 |
Den franske albumlista (SNEP)[21] | 15 |
Newzealandske album (RMNZ)[22] | 35 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[23] | 17 |
US Billboard 200[24] | 159 |