Boston News-Letter | |||
Førsteutgåva av The Boston News-Letter | |||
Type | Vekeavis | ||
---|---|---|---|
Format | Fullformat | ||
Grunnlagd | 24. april 1704 | ||
Nedlagd | 29. februar 1776 (71 år) | ||
Eigarar | John Draper, Richard Draper | ||
Redaktør(ar) | John Campbell (1704–1722) Bartholomew Green, Jr. (1722–1732) Margaret Green Draper (1774–1776) | ||
Språk | Engelsk | ||
Hovudkvarter | Boston i Massachusetts |
The Boston News-Letter var ei avis som kom ut for første gong 24. april 1704, og er rekna som første jamleg utgjevne avisa i Britisk Nord-Amerika. Ho var støtta av dei britske styresmaktene, og alle utgåver blei godkjende av guvernøren.[1]
Den aller første nyheitspublikasjonen i koloniane var Publick Occurrences Both Forreign and Domestick, som kom ut med si første og einaste utgåve 25. september 1690. I 1718 kom Weekly Jamaica Courant[2] ut i Kingston på Jamaica. Frå 1726 blei Boston Gazette gjeven ut av Bartholomew Green, Jr..