The Cockettes

The Cockettes
OpphavHaight-Ashbury i San Francisco i California
Aktiv1969-1972
SjangerPsykedelia, musikal

The Cockettes var ei psykedelisk transvestitt-gruppe starta av Hibiscus (George Edgerly Harris III)[1] hausten 1969, då Hibiscus budde i Kaliflower (Friends of Perfection Commune) i San Francisco.[2] Truppen vart danna av ei gruppe mannlege og kvinnelege hippiekunstnarar i Haight-Ashbury, og gjorde skandaløse parodiar på musikalar og vart eit kultfenomen i undergrunnen som førte til at han etter kvart vart meir ålment kjend.

I 1971 delte gruppa seg i to forskjellige grupper, The Cockettes og The Angels of Light. The Cockettes fortsette som betalte artistar, medan Angels of Light valde å gjere friteater med gratis inngang.

The Cockettes hadde ei viss innverknad på den visuelle utviklinga av glamrock.

  1. «Sebastian's Nocturnal Dream Shows». Gale. 
  2. «History». The Cockettes. 27. juli 2015. Henta 11. september 2024.