The Creation of the Universe Konsertalbum av Lou Reed | ||
Utgjeve | 22. desember 2008 | |
Innspelt | 2008 | |
Sjanger | Eksperimentell, industriell, ambient, støy | |
Selskap | Best Seat in the House Productions | |
Lou Reed-kronologi | ||
---|---|---|
Berlin: Live at St. Ann's Warehouse (2008) |
The Creation of the Universe | Lulu (2011)
|
The Creation of the Univers er det første albumet til Lou Reed-bandet Metal Machine Trio. Metal Machine Trio er eit band Lou Reed starta i 2008 i lag med Ulrich Krieger og Sarth Calhoun for å spele musikk inspirert av Reed-albumet Metal Machine Music frå 1975. Dei første konsertane til gruppa vart haldne 2. og 3. oktober 2008 ved REDCAT i Los Angeles. Gruppa fekk namnet Metal Machine Trio først etter desse konsertane. På sjølve konserten varet bandet annonsert som Lou Reed and Ulrich Krieger: Unclassified.[1] Plata er eit uklipt konsertopptak av begge kveldane, og er tilgjengeleg frå nettsida til Reed i mange format, inkludert digital nedlasting.
Musikken er fritt improvisert og utan vokal eller songstruktur. Det varierer frå mørke ambiente passasjar til støy, frirock og elektronika.