The Dangling Conversation Singel av Simon and Garfunkel frå albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1966 | |
Innspelt | Juni til august 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:37 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Paul Simon | |
Tekstforfattar | Paul Simon | |
Låtskrivar(ar) | Paul Simon | |
Produsent | Bob Johnston | |
Simon and Garfunkel-kronologi | ||
«I Am a Rock» (1966) |
The Dangling Conversation | «A Hazy Shade of Winter» (1966)
|
«The Dangling Conversation» er ein song skriven av Paul Simon og vart først gjeven ut av Simon & Garfunkel i september 1966 som ein singel. Songen nådde 25. plass i USA, men gjekk aldri inn på lista i Storbritannia. Paul Simon var overraska at det ikkje vart ein stor hit, og skulda på tyngda i songen.[1] Han vart ein månad seinare gjeven ut på Simon & Garfunkel-album Parsley, Sage, Rosemary and Thyme.
Temaet i songen er dårleg kommunikasjon mellom to kjærastar. Dei er så forskjellige som diktarane dei les: Emily Dickinson og Robert Frost.
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Canada 100 (RPM)[2] | 27 |
US Billboard Hot 100[3] | 25 |
Joan Baez spelte inn ei utgåve av songen og det vart ein av dei største hittane hennar. Hennar versjon vart gjeven ut på Joan i 1967.
Les Fradkin har spelt ein dramatisk versjon av songen på Jangleholic i 2006.