The Drift Studioalbum av Scott Walker | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mai 2006 | |
Innspelt | Juni 2004 – november 2005 ved Metropolis Studios i Chiswick i London, og AIR Studios i Hampstead i London | |
Sjanger | Kunstrock Avantgarde | |
Lengd | 68:48 | |
Selskap | 4AD | |
Produsent | Scott Walker, Peter Walsh | |
Scott Walker-kronologi | ||
---|---|---|
5 Easy Pieces (2003) |
The Drift | And Who Shall Go to the Ball? And What Shall Go to the Ball? (2007)
|
The Drift er det trettande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 2006 og nådde 51. plassen[1] på UK Albums Chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Utanom musikken han laga for filmen Pola X, var dette det første albumet til Walker på 11 år og berre det tredje albumet sidan The Walker Brothers vart oppløyst i 1978.
Walker komponerte songar for albumet i løpet av 11-årsperioden etter Tilt kom ut i 1995[2] og byrja med «Cue», songen det tok lengst tid å gjere ferdig. Ein tidleg versjon av «Buzzers» vart framført på Meltdown-festivalen den 17. juni 2000 med tittelen «Thimble Rigging». Albumet vart spelt inn i løpet av ein 17 månadar lang periode ved Metropolis Studios i Chiswick i London, og orkesteret vart spelt inn i løpet av ein dag ved George Martin sitt AIR Studios i Hampstead i London. Det fekk god kritikk frå kritikarane og vart gjeve ut på LP og CD i mai 2006. Plateomslaget vart laga av Vaughan Oliver.
The Drift dannar den andre i ein slags trilogi som starta med Tilt og enda med Bish Bosch i 2012.[3] I åra mellom Tilt og The Drift gav Walker ut fleire instrumentalspor til filmen Pola X, ein coverversjon av Bob Dylan sin «I Threw It All Away» til To Have and to Hold og «Only Myself To Blame» til filmen The World Is Not Enough, i tillegg til samlealbum med tidlegare ikkje utgjeve materiale, som plateboksen 5 Easy Pieces.
The Drift har av fans og kritikarar vorte skildra som eit forstyrra og komplisert album som skil seg frå dei føregåande albuma til Scott Walker, men som likevel held seg til dei eksperimentelle røtene hans. Den franske songaren Vanessa Contenay-Quinones har stemma til Clara Petacci på «Clara».
Musikken har ein ubønnhøyrleg mørk og utrygg stemning, ofte med rolege delar og brå støy side om side, for å skape eit ubehag hos lyttaren. Tema i songane omfattar tortur, sjukdom, 9/11, og Elvis Presley.[4][5]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Brainwashed | (positiv) 3. mai 06 |
Telegraph | (positiv) 6. mai 06 |
The Guardian | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Independent | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Mojo | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
musicOMH.com | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
New York | (positiv) 8. mai 06 |
The Observer | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pitchfork Media | (9.0/10) 9. mai 06 |
PlayLouder | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
PopMatters | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Times | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Uncut | (positiv) 10. mai 06 |
Yahoo! Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Drift fekk positive meldingar hos dei fleste kritikarane.
Alle spor skrivne av Scott Walker, utanom «Psoriatic» (Scott Walker/Bob Carleton)
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cossacks Are» | 4:32 |
2. | «Clara» | 12:43 |
3. | «Jesse» | 6:28 |
4. | «Jolson and Jones» | 7:45 |
5. | «Cue» | 10:27 |
6. | «Hand Me Ups» | 5:49 |
7. | «Buzzers» | 6:39 |
8. | «Psoriatic» | 5:51 |
9. | «The Escape» | 5:18 |
10. | «A Lover Loves» | 3:11 |
Liste | Plassering |
---|---|
Belgian Albums Chart[6] | 49 |
German Albums Chart[7] | 97 |
Irish Albums Chart | 80 |
UK Albums Chart[1] | 51 |
|access-date=
requires |url=
(hjelp)