The Elder Scrolls: The Infernal City

The Infernal City
Forfattar(ar)Greg Keyes
Språkengelsk
SjangerFantasy
Utgjeven24. november 2009
NasjonalitetEngelsk
ForlagDel Rey
Sider217
ISBN 978-0-345-50801-0

The Infernal City er ei fantasybok av Greg Keyes, utgjeven av forlaget Del Rey den 24. november 2009. Det er den fyrste av to bøker basert på The Elder Scrolls-dataspelserien.

Boka handlar om Annaïg, ei ung jente, og ein flygande by som heiter Umbriel. 40 år etter Oblivion Crisis dukkar denne ukjende massen opp ved kysten av Black Marsh under ein kraftig storm. Annaïg blir kjend med Glim, ein argonian, som fylgjer henne på ferda.