The Grand Illusion Studioalbum av Styx | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. juli 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Studio | Paragon Recording Studios i Chicago | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:59 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Styx | |
Styx-kronologi | ||
---|---|---|
Crystal Ball (1976) |
The Grand Illusion | Pieces of Eight (1978)
|
Singlar frå The Grand Illusion | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Daily Vault | (B-) (1998)[2] B (2006)[3] |
Rolling Stone | (positiv)[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
The Grand Illusion er det sjuande studioalbumet til Styx. Plata vart spelt inn i Paragon Recording Studios i Chicago, og kom ut 7. juli 1977 og selte over tre millionar eksemplar i USA. Albumet vart gjennombrotet til bandet og inneheldt hitsinglane «Come Sail Away» and «Fooling Yourself.»
Som med mykje av katalogen til Styx, har mange av songane dels mellomalderske og fantasy-tekstar og tema. Somme er allegoriar og kommentarar om det moderne livet i Amerika og erfaringane til medlemmane i eit amerikansk rockeband i siste halvdel av 1970-åra, som «Castle Walls», «Superstars», «Miss America» og tittelsporet.
Songen «Man in the Wilderness» var skriven av Tommy Shaw etter han hadde sett Kansas spele i Detroit, der dei hadde vore oppvarmingsband. Han sa: «Det var episk! I motsetnad til andre presentasjonar av rockemusikk eg hadde sett. Å gå ut så stort opna alle slags idear i hovudet mitt, og neste gongen eg var aleine med den akustiske gitaren min, berre fall denne songen meir eller mindre ut av seg sjølv.».[6]
«Come Sail Away» nyttar segling som ein metafor for å oppnå draumane sine og lengselen etter å segle bort.[7] DeYoung avslørte i In the Studio with Redbeard (som omhandla innspelinga av The Grand Illusion), om at han var deprimert då han skreiv songen etter at dei første to Styx-albuma på A&M, Equinox og Crystal Ball, selde langt mindre enn venta etter suksessen dei hadde hatt med singelen «Lady».
«Fooling Yourself (The Angry Young Man)» var skriven av Shaw. Songen var opphavleg basert på korleis Shaw såg på DeYoung som ein «sint, ung mann» som såg på suksessen til gruppa med eit skeptisk auge som vart sint eller deprimert med kvart tilbakeslag.
Avslutningssporet «The Grand Finale» kombinerer tema frå dei andre songane på albumet.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «The Grand Illusion» | DeYoung | DeYoung | 4:36 |
2. | «Fooling Yourself (The Angry Young Man)» | Shaw | Shaw | 5:29 |
3. | «Superstars» | DeYoung, Shaw, Young | Shaw, DeYoung (Spoken Part) | 3:59 |
4. | «Come Sail Away» | DeYoung | DeYoung | 6:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Miss America» | Young | Young | 5:02 |
6. | «Man in the Wilderness» | Shaw | Shaw | 5:51 |
7. | «Castle Walls» | DeYoung | DeYoung | 5:59 |
8. | «The Grand Finale» | DeYoung, Young, Shaw | DeYoung | 1:57 |
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard 200 | 6 |
Tittel | Liste (1977) | Plassering |
---|---|---|
«Come Sail Away» | U.S. Billboard Hot 100 | 8 |
«Fooling Yourself (The Angry Young Man)» | 29 |