«The Lonesome Death of Hattie Carroll» song av Bob Dylan frå albumet The Times They Are a-Changin' | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. januar 1964 | |
Innspelt | 23. oktober 1963 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 5:48 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan, folkeminne | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson |
«The Lonesome Death of Hattie Carroll» er ein høvessong av Bob Dylan. Songen vart spelt inn 23. oktober 1963 og gjeven ut på albumet The Times They Are a-Changin' i 1964. Songen fortel om ei faktisk hending der den 51 år gamle barjenta Hattie Carroll vart myrda av den rike unge tobakksbonden William Devereux «Billy» Zantzinger frå Charles County i Maryland (som i songen vert kalla «William Zanzinger»). Han vart dømd til berre seks månader i fengsel, men songen til Dylan gjorde at hendinga forfølgde Zantzinger så lenge han levde.
William Zanzinger killed poor Hattie Carroll
Bob Dylan
|
Teksten er ein kommentar til rasismen i 1960-åra, som ikkje verdsette livet til ei svart kvinne særleg høgt. På denne tida var Charles County strengt segregert.[1] Songen sidestiller rikdommen til Zantzinger og den korte dommen hans.[2]
Trass i at det var ein høvessong, har Dylan halde fram å spele songen på konsertane sine, i alle fall heilt fram til mai 2009.[3] Konsertopptak av sogen finst på albuma The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue (2002; innspelt 21. november 1975), The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall (2004; innspelt 31. oktober 1964) og Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections (2018; innspelt 26. oktober 1963). Dylan har fått kritikk for å ha spelt songen på konsertar fram til Zantzinger døydde i 2009. Sjølv om songen i seg sjølv vert rekna som eit meisterverk, meiner til dømes Dylan-biografen Clinton Heylin, at han er på randen til injurierande.[4]