The Mexican Song av Babe Ruth frå albumet First Base | ||
Utgjeve | November 1972 | |
Innspelt | 1972, Abbey Road Studios | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:45 | |
Selskap | Harvest (EMI) | |
Låtskrivar(ar) | Alan Shacklock Ennio Morricone («Per Qualche Dollaro in Piu») | |
---|---|---|
Produsent | Alan Shacklock, Nick Mobbs |
The Mexican Singel av Jellybean frå albumet Wotupski!?! | ||
Utgjeve | 1984 | |
Selskap | Harvest Records | |
Låtskrivar(ar) | Alan Shacklock Ennio Morricone («Per Qualche Dollaro in Piu») | |
---|---|---|
Produsent | John «Jellybean» Benitez | |
Jellybean-kronologi | ||
The Mexican | «Sidewalk Talk» (1984)
|
«The Mexican» er ein song frå albumet First Base frå 1972 av det britiske bandet Babe Ruth.[1]
Songen vart skriven av Alan Shacklock og spelt inn i Abbey Road Studios sommaren 1972. Shacklock skreiv teksten til songen som ein skarpt svar til John Wayne-filmen The Alamo frå 1960, som var full av historiske feil og ikkje synte den menneskelege sida til dei mexicanske soldatane som vart slåtte av styrkane frå Texas i slaget ved The Alamo. Songen har ein drivande trommerytme og funky bass.[2]
Songen interpolerer «Per qualche dollaro in più» av Ennio Morricone, frå musikken til filmen For en neve dollar mer.
Songen har blitt spelt og miksa av mange andre artistar, og vert rekna som ein av dei mest innverknadstunge songane i hiphopkulturen, og var òg populær i tidlege discoklubbar som The Loft.