The Mission Studioalbum av Styx | ||
Utgjeve | 16. juni 2017 | |
Innspelt | 2015-2017 | |
Studio | Blackbird Studios, The Shop, 6 Studio Amontillado, Nashville, Tennessee | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 42:00 | |
Selskap | UMe | |
Produsent | Will Evankovich | |
Styx-kronologi | ||
---|---|---|
Big Bang Theory (2005) |
The Mission |
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
TeamRock | [2] |
The Mission er det sekstande studioalbumet til musikkgruppa Styx, gjeve ut 16. juni 2017 på UMe.[3] Det er det første studioalbumet deira sidan Big Bang Theory i 2005 og det første med originale songar sidan Cyclorama i 2003. Albumet nådde 45. plassen på Billboard 200 i USA, men det låg berre inne på lista i to veker før det fall ut. Det nådde òg topp 100 i fire andre land. Albumet er eit konseptalbum som fortel soga om ei reise til planet Mars i år 2033.[3] Soga vart skriven av Tommy Shaw og Will Evankovich. Evankovich spelt ei viktig rolle og var både produsent og medlåtskrivar på alle utan om ein av songane på albumet.
Ideen til albumet kom til i 2015 då Tommy Shaw komponerte gitarriffet for det som vart det siste sporet på albumet, «Mission to Mars».
Albumet fekk god omtale av Stephen Erlewine i Allmusic, som gav albumet fire av fem stjerner. Han la vekt på at songane gjekk attende til 70-talsstilen til bandet, trass i at Dennis DeYoung ikkje lenger var med i bandet som frontmann.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Overture» | Tommy Shaw | Instrumental | 1:23 |
2. | «Gone Gone Gone» | Gowan | 2:07 | |
3. | «Hundred Million Miles from Home» |
| Shaw | 3:39 |
4. | «Trouble at the Big Show» |
| Young | 2:30 |
5. | «Locomotive» |
| Shaw | 5:03 |
6. | «Radio Silence» |
| Shaw | 4:17 |
7. | «The Greater Good» |
|
| 4:10 |
8. | «Time May Bend» |
| Gowan | 2:30 |
9. | «Ten Thousand Ways» |
| Group | 1:22 |
10. | «Red Storm» |
| Shaw | 6:04 |
11. | «All Systems Stable» |
| Shaw | 0:17 |
12. | «Khedive» |
| Group | 2:04 |
13. | «The Outpost» |
| Gowan | 3:51 |
14. | «Mission to Mars» | Shaw | Shaw | 2:43 |
Total lengd: | 42:00 |
Styx
Liste (2017) | Plassering |
---|---|
Kanadiske album (Billboard)[4] | 56 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[5] | 49 |
Skotske album (OCC)[6] | 98 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[7] | 34 |
US Billboard 200[8] | 45 |