The Pretty Things Are Going to Hell Singel av David Bowie frå albumet Hours | ||
Utgjeve | 20. september 1999 i Australia og Japan. | |
Innspelt | Seaview på Bermuda | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 4:40 (album) 3:59 (singelutgåve) | |
Selskap | Virgin Records 896 293 2 | |
Komponist | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Reeves Gabrels | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Reeves Gabrels | |
David Bowie-kronologi | ||
«Thursday's Child» (1999) |
The Pretty Things Are Going to Hell | «Under Pressure (Rah Mix)» (1999)
|
«The Pretty Things Are Going to Hell» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels for albumet Hours i 1999. Det var den første singelen frå albumet i Australia og Japan, medan resten av verda fekk «Thursday's Child» som den første singelen. Songen vart først gjeven ut på filmmusikkalbumet til filmen Stigmata i 1999. Han nådde 30. plassen på den japanske singellista. Tittelen på songen er inspirert av songen «Your Pretty Face Is Going to Hell» av The Stooges frå albumet Raw Power, som var produsert av Bowie.
Det vart laga musikkvideo for «The Pretty Things Are Going to Hell», men denne er ikkje offisielt gjeve ut. I denne møter Bowie fire tidlegare «utgåver» av seg sjølv (The Man Who Sold the World, Ziggy Stardust, The Thin White Duke og Pierrot) spelt av mannekengliknande dokker.[1] I 2013 nytta Bowie to av dokkene i den heimelaga videoen hans for James Murphy-remiksen av «Love Is Lost» frå albumet The Next Day.[2]