The Thoughts of Emerlist Davjack Studioalbum av The Nice | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. mars 1968[1][2][3] | |
Innspelt | Hausten 1967 | |
Studio | Olympic Studios | |
Sjanger | Psykedelisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 37:50 | |
Selskap | Immediate | |
Produsent | Emerlist Davjack | |
The Nice-kronologi | ||
---|---|---|
The Thoughts of Emerlist Davjack | Ars Longa Vita Brevis (1968)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
The Thoughts of Emerlist Davjack er debutalbumet til det engelske rockebandet The Nice, gjev ut i 1968. Det vert ofte rekna som eit av dei første albuma innan progressiv rock.
Namnet Emerlist Davjack er eit pseudonym skapt ved å kombinere etternamna til dei fire medlemmane i gruppa: Keith Emerson, David O'List, Brian Davison og Lee Jackson.
Albumet vart marknadsført med ein sampler med kommentarar av John Peel, som sa følgjande: «1967 var eit rart år for popmusikken med grupper som eksperimenterte med nye lydar og hoppa av og på vogna i svimlande fart. Dei kalla seg sjølv latterlegee namn og angra på det eter kort tid. The Nice kom saman i eit tomrom og vil vere her når dei andre er i pantomime i Wolverhampton.»
Plateomslaget vart fotografert av Gered Mankowitz, og syner bandmedlemmane utan skjorter, men innpakka i cellofan.
På den originale plata vart alle komposisjonane tilskrivne «Emerlist Davjack»; medan spesifikke låtskrivarar seinare var oppførte på seinare utgåver.
På Windsor Jazz & Blues Festival i 1967 sa songaren Jackson at songen «Flower King of Flies» handla om Beatles-medlemmen Paul McCartney. «The Thoughts of Emerlist Davjack» vart nytta som bakgrunnsmusikk for barne-TV-serien «The Tyrant King», regissert av Mike Hodges og skriven av Trevor Preston for Thames Television, frå London Transport-boka til Aylmer Hall. Serien var i seks delar og inneheldt òg musikk av The Rolling Stones, The Moody Blues og Pink Floyd.
«Rondo» inneheld eit kort utdrag frå Johann Sebastian Bach sitt Toccata & fuge i d-moll, i tillegg til eit lengre utdrag frå Dave Brubeck Quartet sin «Blue Rondo à la Turk». «The Cry of Eugene», som seinare vart spelt inn på ny av gruppa til Jackson, Jackson Heights, refererer til «Harlequin & Columbine».
Albumet vart av magasinet Classic Rock plassert på lista over «50 album som bygde progrocken».[5]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Flower King of Flies» | Keith Emerson, Lee Jackson | 3:19 |
2. | «The Thoughts of Emerlist Davjack» | Emerson, David O'List | 2:49 |
3. | «Bonnie K» | Jackson, O'List | 3:24 |
4. | «Rondo» | Dave Brubeck, Emerson, O'List, Brian Davison, Jackson | 8:22 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «War and Peace» | Emerson, O'List, Davison, Jackson | 5:13 |
6. | «Tantalising Maggie» | Emerson, Jackson | 4:35 |
7. | «Dawn» | Davison, Emerson, Jackson | 5:17 |
8. | «The Cry of Eugene» | Emerson, Jackson, O'List | 4:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «The Thoughts of Emerlist Davjack» (singelversjon) | Emerson, O'List | 2:48 |
10. | «Azrial (Angel of Death)» | Emerson, Jackson | 3:44 |
11. | «America» (instrumental) | Leonard Bernstein, Stephen Sondheim, Emerlist Davjack | 6:18 |
12. | «The Diamond Hard Blue Apples of the Moon» | Davison, Jackson | 2:47 |
13. | «America» | Bernstein, Sondheim, Emerlist Davjack | 3:55 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Promo 7″ Sampler for Album» | 5:15 |
10. | «Azrial (Angel Of Death)» | 3:43 |
11. | «The Thoughts of Emerlist Davjack» (monosingel) | 2:47 |
12. | «The Diamond Hard Blue Apples Of The Moon» | 2:46 |
13. | «America/Second Amendment» | 6:19 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Flower King Of Flies» (alternativ versjon/miks hausten 1967) | 3:35 |
2. | «Bonnie K» (alternativ versjon hausten 1967) | 3:19 |
3. | «Dawn» (alternativ versjon hausten 1967) | 5:04 |
4. | «Tantalising Maggie» (alternativ versjon) | 4:22 |
5. | «The Cry of Eugene» | 4:30 |
6. | «The Thoughts of Emerlist Davjack» (lengre versjon hausten 1967) | 4:12 |
7. | «Daddy, Where Did I Come From?» (alternativ versjon) | 2:46 |
8. | «America Second Amendment» (alternativ stereoversjon) | 6:14 |
9. | «Sombrero Sam» (BBC Session, 26. oktober 1967) | 3:32 |
10. | «Get to You» (BBC Session, 16. juni 1968) | 3:40 |
11. | «The Diamond Hard Blue Apples of the Moon» (BBC Session, 16. juni 1968) | 2:55 |
12. | «Brandenburger» (BBC Session, 16. juni 1968) | 3:49 |
13. | «Little Arabella (And Sorcery)» (BBC Session, 16. juni 1968) | 3:39 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «The Thoughts of Emerlist Davjack» (utvida versjon) | 4:12 |
10. | «Flower King of Flies» (alternativ versjon) | 3:36 |
11. | «Azrael (Angel of Death)» (B-side til singel) | 3:43 |
12. | «America» (singelversjon) | 6:06 |
13. | «America/Second Amendment» (lengre versjon) | 6:23 |
14. | ««Diamond-Hard Blue Apples of the Moon» (B-side) | 2:45 |
15. | «Daddy, Where Did I Come From?» (tidleg versjon) | 2:46 |
med: