«The Tower» Song av Luna[1] | ||
![]() | ||
Land | Polen | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 23. januar 2024 | |
Sjanger | Pop[2] | |
Lengd | 02:57 | |
Selskap | Universal | |
Låtskrivar(ar) | Aleksandra Katarzyna Wielgomas, Paul Dixon, Max Cooke |
---|
«The Tower» (norsk omsetjing 'tårnet') er ein song frå 2024 av den polske artisten Luna[3]. Songen blei gjeven ut 23. januar 2024 og var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[4]
«The Tower» blei skriven og komponert av Luna[5], Paul Dixon og Max Cooke. I intervju har Luna uttalt at songen handlar om ei reise til sjølvrealisering og sjølvaktualisering frå negativiteten menneskje står overfor. Songen brukar metaforen om eit tårn av negativitet og avgrensa potensial, og oppfordrar lyttaren til å velte tårnet med styrke.[6] Luna uttalte seinare i eit intervju med Wiwibloggs at ho ønskte at andre skulle «skape dine eigne reglar i verda, dine eigne vilkår og bygge ditt eige tårn - det som førar til din lagnad, noko som er bra for livet ditt og for di lykke».[7]
«The Tower» hadde offisielt premiere 23. januar 2024 på nattklubben Spatif i Warszawa.[8] Rundt ein månad seinare blei «The Tower» kunngjord av den polske kringkasteren Telewizja Polska som bidraget til Polen i Eurovision Song Contest 2024.[9]
Same dag som «The Tower» hadde premiere blei det gjeve ut ein tilhøyrande musikkvideo. Ifølgje Luna brukar musikkvideoen sjakk som metafor til å skildre forholda ho har heldt ut. Ho har uttalt i intervju at utsjånaden til motstandaren hennar representerer kampar i livet hennar, inkludert «kryssing av grenser». Sjølve duellen representerer ho som står overfor forskjellige kjære og deira forhold, og mot slutten av videoen kjempar ho mot seg sjølv, vel vitande om at ho må sigra over fortida for å skape sin eigen lagnad.[10]
Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() |
60 |
![]() |
20 |
![]() |
80 |