The Virginmarys | |||
Opphav | Macclesfield i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2006 til i dag | ||
Sjanger | Alternativ rock, hardrock, bluesrock, psykedelisk rock | ||
Plateselskap | Cooking Vinyl Wind Up Records | ||
Medlemmer | Ally Dickaty Danny Dolan Matt Rose |
The Virginmarys er eit tre mann stort rockeband frå Macclesfield i England. Bandet vart starta i 2006 og gav ut debutalbumet sitt King of Conflict på Wind Up Records i februar 2013.[1][2]
Bandet starta i Macclesfield i 2006 etter at det førre bandet deira, The Four Tomorrows, vart oppløyst. Bandet spelte mange konsertar den første tida, mellom anna som oppvarming for Slash, Terrorvision, Skunk Anansie, Eagles of Death Metal, The View, Ash, Feeder og We Are Scientists, i tillegg til eigne konsertar.[3] Bandet gav ut ei rekkje sjølvfinansierte EP-ar i denne perioden og spelte inn det første minialbumet deira, Cast the First Stone, i 2010, produsert av Toby Jepson og miksa av Mike Fraser.[4][5]
Seint i 2011 starta bandet[6] å spele inn debutalbumet sitt, igjen med Toby Jepson som produsent (Chris Sheldon miksa albumet), og heldt fram å spele konsertar. Debutalbumet King of Conflict kom ut 4. februar 2013.
Tidlegare medlemmar: Chris Birdsall - bass, korvokal (2006-2008)
År | Song | Plassering | Album |
---|---|---|---|
CAN Rock[7] | |||
2012 | «Dead Man's Shoes» | 17 | King of Conflict |