Thomas D'Arcy McGee | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Lower Canada, Province of Canada, Canada |
Fødd | 13. april 1825 Carlingford |
Død | |
Yrke | politikar, journalist, skribent, lyrikar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det liberal-konservative parti |
Ektefelle | Mary Theresa McCaffrey McGee |
Thomas D'Arcy McGee på Commons |
Thomas D'Arcy Etienne Hughes McGee (13. april 1825–7. april 1868) var ein irsk-kanadisk politikar, journalist og diktar, kjend som ein katolsk talsmann og far til den kanadiske konføderasjonen, prosessen som gjorde dei gjenverande nordamerikanske koloniane til dominionen og seinare staten Canada.
Som ung arbeidde McGee for eit bondeopprør på Irland for å kasta det britiske kolonistyret. I 1848 flykta han til USA for å unngå å bli arrestert. Her endra han politisk ståstad; han blei stadig meir konservativ både i politikken og støtta si til paven. I 1857 flytta han til Canada, og arbeidde hardt for å overtyda dei irske katolikkane der om å samarbeida med dei protestantiske britane i å skipa ein konføderasjon. Den sterke støtta hans til konføderasjonen har gjeve han tilnamnet «Canadas første nasjonalist».[1] Han kjempa imot Fenian Brotherhood, irske katolikkar som kjempa mot britane. Etter å ha hjelpt til med å skipa konføderasjonen i 1867, blei han drepe av Fenian-sympatisørar i 1868.