Thomas Mellin-Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. november 1977 (47 år) |
Idrett | friidrett |
Thomas Mellin-Olsen (fødd 8. november 1977) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som vann gullmedaljen i lengdehopp i samtlege fire noregsmeisterskap i åra 2002-05. Elles utmerkte han seg som ein habil 100-meterløpar. Han var medlem i Gular.
Allereie i sitt syttande år hoppa Mellin-Olsen 7,16 meter i lengdegropa. Dei komande åra satsa han på 100 meter, der han som best fekk notert 10,39 sekund ved eit stemne i Uddevalla den 24. juli 1999. Etter 2000 konsentrerte han seg om lengdehopping. 22. juli 2002 vann han lengde-øvinga under europacup for landslag i slovakiske Banská Bystrica med eit hopp som målte 7,91 meter, hans livs lengste. Tre veker seinare kvalifiserte han seg til EM-finalen i München med eit hopp på 7,85 m. I finalen vart han tolvte- og sistemann med sine 7,57 m. Veka etter vart han norsk meister i øvinga for fyrste gong, ein prestasjon han gjentok dei neste tre åra.
År | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | |
Lengde | 7,42 | 7,91 | 7,63 | 7,80 å | 7,67 å | 7,18 |