Thomas Numme | |||
![]() | |||
Fødd | 28. februar 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sandefjord | ||
Verka som | programleiar, journalist, musikar, handballspelar | ||
Far | Yngvar Numme | ||
Ektefelle | Annette Walther Numme | ||
Prisar | Solprisen, Gullrutens hederspris, Gullruten for beste programleder |
Thomas Numme (fødd 28. februar 1970 i Sandefjord) er ein norsk programleiar som mellom anna var med å leia talkshowet Senkveld med Thomas og Harald som gjekk på TV 2 saman med Harald Rønneberg frå 2003 til 2018.[1][2]
Han er son av Yngvar Numme, artisten frå humorgruppa Dizzie Tunes. Han voks opp i Sandefjord, og var som ungdom ein lovande handballspelar, men måtte avslutte karrieren sin grunna mykje skade og sjukdom.[3]
Thomas Numme har ei radioutdanning frå Høgskulen i Volda.[4]
Thomas Numme debuterte i riksmedia som programleiar og reportar i radioprogrammet Holger Nielsens Metode på NRK P3. Etter dette var han programleiar for barne-TV-programmet Nå er det nå, og etter dette for NRK-programmet Trigger saman med Solveig Kloppen. I januar 2003 vart Numme og makkeren hans, Harald Rønneberg, programleiarar for den nye fjernsynssatsinga Idol på TV2. Det blei en stor suksess, og frå hausten 2003 var radarparet programleiarar for Senkveld med Thomas og Harald på TV 2.
Numme bur i dag i Oslo saman med kona Annette Walther og deira tre born.[5]