Tilt Studioalbum av Scott Walker | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mai 1995 | |
Innspelt | RAK Recording Studios, Townhouse Studios | |
Sjanger | Kunstrock Avantgarde Eksperimentell | |
Lengd | 56:58 | |
Selskap | Fontana | |
Produsent | Scott Walker og Peter Walsh | |
Scott Walker-kronologi | ||
---|---|---|
Climate of Hunter (1984) |
Tilt | Pola X (1999)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
City Pages | (positiv)[2] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Tilt er det tolvte studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 1995 og nådde 27. plassen[4] på UK albums chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Albumet var det første Walker gav ut på elleve år.
Walker skreiv songar for albumet mellom 1991 og 1992 utanom «Manhattan», som vart skriven i 1987, og den siste songen «Rosary», som vart skriven i 1993. Albumet vart spelt inn i RAK Recording Studios og Townhouse Studios i Storbritannia og var venta å kome ut så tidleg som i 1992[5] men var ikkje ferdig før 1995. Albumet var den første av ein «trilogi» som fortsette med The Drift (2006) og Bish Bosch (2012).[6]
Songane på albumet har ei naken, aude gravferdsstemning. Tekstane er fulle av mystiske indikasjonar og vanskelege ordspel. Som det førre albumet til Walker, Climate of Hunter (1984), kombinerer Tilt element av industriell musikk med europeisk avant-garde og eksperimentell musikk.
Komposisjonane legg vekt på abstrakt atmosfærisk støy over harmoniske strukturar, med minimalistiske, lett disharmoniske «lydblokker» og transeliknande repetisjonar utført gjennom forsiktig nyansert instrumentering og forsiktige lydeffektar. Stemma til Walker gjev gjenklang i eit hult ekko og får ein stemningsskapande, fjern og ulukkeleg kvalitet, som ein kritikar omtalte som «Samuel Beckett på La Scala».
Opningssporet «Farmer in the City» har undertittelen «Remembering Pasolini». Eit par av tekstane er henta frå den engelske omsetjinga til Norman Macafee av Pier Paolo Pasolini-diktet «Uno dei Tanti Epiloghi» («Ein av mange epilogar»), som vart skriven i 1969 for venen og protesjeen til Pasolini, skodespelaren Ninetto Davoli. Gjennom songen syng Walker "Do I hear 21, 21, 21...? I'll give you 21, 21, 21...", som kan vere ein referanse til alderen til Davoli då han vart innkalla til (og deserterte frå) den italienske hæren.
Teksten til «The Cockfighter» inneheld «utdrag henta frå rettssaka til dronning Caroline og rettssaka til Adolf Eichmann». «Bolivia '95» er visstnok ein song om søramerikanske flyktningar.
I tillegg til kjernen av musikarar som speler vanlege rockeinstrument, medverkar òg strykarar frå Sinfonia of London og kyrkjeorgelet i Methodist Central Hall, som vart arrangert og dirigert av Brian Gascoigne.
Alle spor skrivne av N. S. Engel (Scott Walker)
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Farmer in the City (Remembering Pasolini)» | 6:38 |
2. | «The Cockfighter» | 6:01 |
3. | «Bouncer See Bouncer...» | 8:50 |
4. | «Manhattan» | 6:05 |
5. | «Face on Breast» | 5:15 |
6. | «Bolivia '95» | 7:44 |
7. | «Patriot (a single)» | 8:28 |
8. | «Tilt» | 5:13 |
9. | «Rosary» | 2:41 |
Det vart gjeve ut to promosinglar på CD for å marknadsføre Tilt på radio og plateforetningar. Desse inneheldt nedkorta versjonar av songane frå Tilt.
Liste | Plassering |
---|---|
UK Albums Chart[4] | 27 |