Tinikling er ein filippinsk folkedans. Dansen går føre seg ved at to personar held i to tjukke bambusrøyr. Desse blir haldne like over bakken og slått mot kvarande og mot bakken. Dansarane utfører trinna sine over og kring bambusrøyra medan dei blir flytta.[1][2][3]
Namnet «tinikling» tyder bokstavelg 'å opptre som ein tikling',[4]
og viser til fuglen tikling. Dette er eit lokalt namn fleire fuglar i riksefamilien – Gallirallus striatus, Gallirallus philippensis og Gallirallus torquatus.[5]
Fuglane er kjende for å vera lette på foten medan dei går over grasstrå og tregreiner og kjem seg unna bambusfellene til risbøndene. Dansarane imiterer dei grasiøse rørslene til fuglen ved å manøvrera mellom store bambuspålar.[6]
Dansen skal ha oppstått som ein imitasjon av tikling-fuglen på øya Leyte sentralt i landet. Folkedansen blir i dag også brukt til oppvising knytt til filippinsk kultur, til dømes i samband med den filippinske sjølvstendedagen.[7]
Han blir også mykje brukt i grunnskular, ettersom han er ei fysisk øving som krev liknande koordinasjon som til dømes hoppetau.[8]
↑Robert S. Kennedy; Pedro C. Gonzales; Edward C. Dickinson; Hector C. Miranda, Jr.; Timothy H. Fisher (2000). A Guide to the Birds of the Philippines. Oxford University Press. s. 76–77. ISBN9780198546689.
↑Horowitz, Gayle L. (2009). International Games: Building Skills Through Multicultural Play. Human Kinetics. s. 74. ISBN9780736073943.