«Titan» «Zemrën n'dorë» Song av Besa Kokëdhima | ||
Land | Albania | |
Språk | Engelsk (Eurovision) Albansk (Original) | |
Utgjeve | 11. februar 2024 19. desember 2023 | |
Lengd | 02:56 | |
Selskap | Gjeven ut på eige merke | |
Komponist | Besa Kokëdhima | |
Tekstforfattar | Rozana Radi | |
Låtskrivar(ar) | Besa Kokëdhima, Fabrice «Alias Lj.» Grandjean, Kledi Bahiti, Gia Koka |
---|
«Titan», albansk tittel: «Zemrën n'dorë» (norsk omsetjing 'hjarte i handa') , er ein albansk song frå 2023 som blir framført av songaren Besa Kokëdhima. Songen deltok i den 62. utgåva av den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, der sjåarane røysta han fram som det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
«Titan» er skriven av Kokëdhima, saman med Fabrice «Alias Lj.» Grandjean, Kledi Bahiti og Gia Koka.
I oktober 2023 blei Kokëdhima kunngjord som ein av deltakarane som blei vald ut til å delta i den albanske songtevlinga Festivali i Këngës 2023.[1] I samsvar med tevlingsreglane måtte tekstene til dei deltakande bidraga vere på albansk. Kokëdhima deltok med songen «Zemrën n'dorë», skriven av Rozana Radi og Petrit Sefaj og komponert av Kokëdhima og Kledi Bahiti.[2]
I eit intervju med Eurovision-nettsida Wiwibloggs fortalde Kokëdhima at «Zemrën n'dorë» for ho var ein ballade «med mykje kontrastar», og fortalde vidare at songen «var ei ekte kjensle. Vi skreiv songen med så mykje kjærleik og vi ville berre ha å uttrykke mye kontraster i ein ballade fordi når du seier ein ballade, trur eg ikkje det er akkurat man kunne førestille seg... han går berre gjennom bølgjer av tøffe kjensler... som ei stormfull reise».[3]
«Zemrën n'dorë» var eit av 31 bidrag til den 62. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2023.[4] I tevlinga blei songen framført av den albanske songaren Besa Kokëdhima. Songen enda utanfor topp 3 i tevlinga, men vann telefonavrøystinga og blei med det bidraget til Albania i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[5]
Den 2. januar 2024 kunngjorde Kokëdhima at songen ville gjennomgå ei rekkje endringar for at songen skulle overhalde reglane for Eurovision Song Contest.[6] Den engelskspråklege versjonen «Titan», med tekst av Gia Koka, blei gjeven ut 11. mars 2024.[7]
«Titan» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på 15.-plass av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.[8]