Tjeldøya

Tjeldøya
Lokalt namn Dielddasuolu
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°29′59″N 16°19′36″E / 68.49972°N 16.32667°E / 68.49972; 16.32667

Areal 187 km²

Høgaste punkt Trollfjellet (1010 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland

Tjeldøya (nordsamisk Dielddasuolu) er ei øy i Tjeldsund kommune i Nordland og ligg mellom Hinnøya og fastlandet. Øya har eit areal på 187 km². Det høgaste punktet på Tjeldøya er Trollfjellet på 1010 moh.

Tjeldøya er knytt til fastlandet med den 240 meter lange Ramsundbrua.

Rådhuset i Tjeldsund ligg på Hol på Tjeldøya.