Tjuvhumle | |
Tjuvhumle Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevenger Hymenoptera |
Familie: | Langtungebier Apidae |
Slekt: | Humler Bombus |
Art: | Tjuvhumle B. wurflenii |
Vitskapleg namn | |
Bombus wurflenii |
Tjuvhumle (Bombus wurflenii) er ei humle med svart rufsete pels på mellomkroppen og fyrste delen av bakkroppen og med ein raudoransje bakstuss.
Arten har namnet sitt frå det at individa kan bita hòl i kronrøyret på blomar og soleis nå i nektaren samstundes som at pollineringa vert mindre verksam. Arten er unik ved dei spisse kjevane som verkar som tenner i denne prosessen.
Tjuvhumla finst over det meste av Europa og dessutan i spreidde område i den vestlege delen av Asia. I Noreg finst arten i det meste av landet nord til Tromsø og mogelegvis endå lenger nord.