Tombstone Blues Song av Bob Dylan frå albumet Highway 61 Revisited | ||
Utgjeve | 30. august 1965 | |
Innspelt | 29. juli 1965 | |
Sjanger | Garasjerock[1] | |
Lengd | 5:56 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Bob Johnston |
«Tombstone Blues» er det andre sporet på albumet Highway 61 Revisited av Bob Dylan frå 1965. Musikalsk er han påverka av blues, medan teksten er typisk for den surrealistiske perioden til Dylan, med linjer som «the sun's not yellow, it's chicken».
Eit konsertopptak gjort for MTV i november 1994 kom ut på MTV Unplugged i 1995.
Songen vart framført av Marcus Carl Franklin og Richie Havens i I'm Not There, filmen basert på livet til Dylan. Sheryl Crow framførte songen i eit konsertopptak på Sheryl Crow and Friends: Live from Central Park i lag med Eric Clapton, Chrissie Hynde, Keith Richards, Stevie Nicks, Sarah McLachlan og Dixie Chicks.
Stephen King siterer songen mot slutten av den første romanen sin, Carrie. Han brukar linjene:
Og siterte igjen frå songen med linja:
i kapittel elleve i romanen Gerald's Game.
Teksten passar inn i den surrealistiske stilen til Dyllan på denne tida, samstundes om han kjem med bitande kritikk av samfunnet og styresmaktene. Songen har fleire direkte og indirekte antydingar til bibelske figurarar og historiske referansar.[2] Til dømes til Johannes døyparen, som Dylan syng fire linjer om: