Tone Wilhelmsen Trøen | |||
| |||
Fødd | 23. februar 1966 (58 år) Bærum kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Oslomet – storbyuniversitetet | ||
Medlem | Stortingets særskilte komité for å behandle spesielle saker vedrørende korona-krisen | ||
Verv | Stortingspresident i Noreg 2018- | ||
Føregangar | Olemic Thommessen | ||
Alle verv |
|
Tone Wilhelmsen Trøen (fødd 23. februar 1966) er ein norsk Høgre-politikar som vart innvald på Stortinget etter stortingsvalet 2013. Ho er 4. representant for Akershus og stortingspresident.[1]
Tone Wilhelmsen Trøen er oppvaksen i Nes på Romerike, er gift og har tre born. Ho har lang erfaring innan politikken frå Høgre sine lokallag både i Nes og Eidsvoll og frå Akershus Høgre. I tillegg har ho vore rådgjevar for Høgres gruppe i barne-, familie- og kulturkomitéen i 2005, og i 2013 var ho partirådgjevar i helsepolitiske spørsmål.[2][3] Den 15. mars 2018 vart ho vald til stortingspresident etter at Olemic Thommessen måtte trekkje seg på grunn av byggeskandalen på Stortinget, der ei ombygging som var planlagt å koste 1,1 milliardar kroner vart kostande 2,3 milliardar.[4][5]