Tony McPhee | |||
McPhee med The Groundhogs i London i september 1991 | |||
Fødd | 23. mars 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Humberston i Lincolnshire i England | ||
Død | 6. juni 2023 (79 år) | ||
Fødenamn | Anthony Charles McPhee | ||
Alias | «T.S.» McPhee | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | |||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | Groundhogs | ||
Verka som | Musikar |
Anthony Charles McPhee (23. mars 1944–6. juni 2023) var ein engelsk gitarist og songar. Han var grunnleggjar av det engelske blues- og rockebandet The Groundhogs.
McPhee fekk namnet «T.S.» - som står for «Tough Shit» - då han gav ut ein duettsingel med Champion Jack Dupree - med tittelen «Get Your Head Happy!» - i 1966. Produsent Mike Vernon foreslo å leggja til namnet til McPhee for å få det til å sjå meir ut som eit offisielt bluesnamn.[3]
The Groundhogs varma opp for Dupree og John Lee Hooker på konsertar i Storbritannia i midten av 1960-åra.[4] Bandet utvikla seg til ein bluesrocktrio som produserte tre britiske Top 10-album i Storbritannia tidleg på 1970-talet. Sjølv om dei har halde fram med å spela i ulike besetningar fram til i dag, trekte McPhee seg offisielt frå bandet i 2015.[5].
I 1973 gav McPhee ut eit soloalbum med tittelen The Two Sides of Tony (T.S.) McPhee. Side A på denne plata er bluesrock, og side B er ein enkelt psykedelisk kunstrock-komposisjon i fire satsar med Arp 2600-synthesizer, elektrisk piano og trommesynthesizeren The Rhythm Ace. Den har fått tittelen The Hunt, og utforskar den sterke haldninga til McPhee til jakt på rev og hjort.[6][7] McPhee gav òg ut mange andre solo akustisk bluesplater, og dessutan duettar med Jo Ann Kelly.[7]
Forutan Groundhogs spelte McPhee med Herbal Mixture, John Dümmer Band, Hapshash and the Coloured Coat, Tony McPhee's Terraplane, Tony McPhee's Turbo, Tony McPhee's Band,[8] og Current 93.[9]
Biografien til McPhee, skriven av Paul Freestone, vart gitt ut i 2012.[7]
I 2009 vart McPhee ramma av hjerneslag, noko som påverka talen og evna til å syngja.[10][11]
McPhee døydde 6. juni 2023 av komplikasjonar etter eit fall året før. Han vart 79 år gammal.[12]
|url=
value (hjelp). blues.gr (på engelsk). Henta 19. januar 2018.