Toralv Maurstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. november 1926 Bærum kommune |
Død |
4. november 2022 (95 år) |
Yrke | filmskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, regissør, teatersjef, filmregissør, manusforfattar |
Språk | norsk |
Far | Alfred Maurstad |
Mor | Tordis Maurstad |
Ektefelle | Beate Eriksen |
Toralv Maurstad på Commons |
Toralv Maurstad (24. november 1926–4. november 2022)[1] var ein norsk skodespelar, regissør og teatersjef frå Bærum. Toralv Maurstad var sonen til Alfred Maurstad. Han tok utdanning som skodespelar ved Royal Academy of Dramatic Art i London, og debuterte ved Trøndelag Teater i 1949. Han fekk gjennombrotet sitt som Holt i Det lykkelige valg. Han var tilsett ved Det Nye Teater i perioden 1951–1954, og var ved Nationaltheatret i perioden 1954–1967. Maurstad var teatersjef for Oslo Nye Teater i perioden 1967–1978, og for Nationaltheatret i åra 1978–1986. Etter 1986 var han frilansar. Han var òg godt kjend for rolla si som Georg Anker-Hansen i TV2-serien Hotel Cæsar.