Torbjörn Lassenius | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 4. august 1931 (93 år) Helsingfors |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1956 Summer Olympics – men's decathlon, 1954 European Athletics Championships – men's decathlon, 1958 European Athletics Championships – men's decathlon, Sommar-OL 1956 |
Lars Torbjörn Lassenius (fødd 4. august 1931) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsinki som vann sølvmedaljen i tikampen under EM i friidrett 1954.
Vasilij D. Kuznetsov frå Sovjetunionen var suverent best i tikamp-tevlinga då europameisterskapen 1954 fann stad i Bern, der finlandssvensken Lassenius kom nærast den sovjetiske utøvaren. Same Lassenius gjorde i slutten av september 1956 si beste tikampserie ved eit stemne i Hamburg. Han sanka der 6 991 poeng (7 062 etter dagens tabell). Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne to månader seinare enda han opp på sjuandeplassen, med langt færre poeng.
Lassenius var finsk tikampmeister i åra 1954-56.