Tord André Lien

Tord André Lien

Foto: FrPMedia
Fødd10. september 1975 (49 år)
Øksnes kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Nordland
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
VervNorsk olje- og energiminister 16. oktober 2013–20. desember 2016
FøregangarOla Borten Moe
EtterfylgjarTerje Søviknes
VervStortingsrepresentant 1. oktober 2005–30. september 2013
Alle verv

Tord André Lien (fødd 10. september 1975) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet frå Øksnes i Nordland. Frå 2005 til 2013 var Lien representant på Stortinget, dinest blei han olje- og energiminister i regjeringa Solberg 2013–2016. Sidan mai 2024 har Lien vore tilsett som direktør for eksterne relasjonar i TrønderEnergi.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Tord André Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003.

Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.

I 1995 blei Lien dømd til 35 dagars fengsel for overskriding av ei fartsgrense på vått føre som ende med ein bilulykke med ein motorsykkel.[1]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Lien var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Han hadde fast plass på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke frå 2005 til 2013. Lien var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Andre yrke

[endre | endre wikiteksten]

Frå januar 2017 til desember 2022 var Lien tilsett som regiondirektør for NHO i Trøndelag.[2]

Den 1. mai 2024 blei Lien tilsett som direktør for eksterne relasjonar i TrønderEnergi.[3]

  1. Lars Joakim Skarvøy, Ingeborg Huse Amundsen & Tim Peters. «Statsråd Tord Lien måtte i fengsel etter alvorlig trafikkulykke: - Krevende å leve med» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 8. september 2024. 
  2. «Fra statsrådsjobb til NHO Trøndelag», www.nho.no (på norsk), henta 6. januar 2020 
  3. «Tord Lien til TrønderEnergi» (på norsk bokmål). TrønderEnergi. Henta 8. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]