Tore Sagen | |||
![]() | |||
Fødd | 7. november 1980 (44 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, komikar, programleiar, radioprogramleiar | ||
Ektefelle | Live Nelvik |
Tore Sagen (fødd 7. november 1980 i Oslo)[1] er ein norsk skodespelar, komikar og mediepersonlegdom. Han har medverka i radioprogram som Holger Nielsens metode, Onkel Happy og Kyrre på NRK P3. Han er ein del av trioen i Radioresepsjonen saman med Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim, som har halde på sidan 2006.
Tore Sagen er broren til Steinar Sagen, og voks opp på Holmlia i Oslo. Han gjekk på Holmlia ungdomsskule og Nordstrand videregåande skule, og var med to år på Nordstrandrevyen som lysteknikar.
Han er gift med Live Nelvik som er kjend frå Farmen, P3 Gull, P3morgen, Dama til og Lørdagsrådet.[2]