Tore Ulstein

Tore Ulstein

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1967 (56 år)
Yrke maskiningeniør
Far Idar Ulstein

Tore Ulstein (fødd 21. desember 1967) er ein norsk næringslivsleiar. Han er styreleiar i Ulstein Group og styremedlem i fleire bedrifter i Ulstein Group og Ulsmo, styreleiar i SINTEF og styremedlem i GC Rieber AS. Han er medlem av Ordensrådet for St. Olavs Orden, Rådet og kontrollkomiteen i Stiftelsen DNV, senterstyret i SFI Move og rådsmedlem for det Nasjonale Eksportrådet. Tore Ulstein er son av Ulstein Group sin tidlegare konsernsjef, Idar Ulstein (1934–2012).

Han har doktorgrad innan marin hydrodynamikk frå NTNU, ei sivilingeniørgrad frå NTNU og diplom frå Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han har arbeidd som førsteamanuensis II ved NTNU.

Før Tore Ulstein blei styreleiar for Ulstein Group var han i fleire år nestleiar i styret, og han har også hatt fleire leiande stillingar i konsernet, blant anna visekonsernsjef og administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions AS og Ulstein Verft AS. Han har hatt ei rekke verv i nærings- og organisasjonsliv. Han var president i NHO frå 2013 til 2017.[1] Han har vore styreleiar i NORCE, medlem i Divisjonsstyret for Innovasjon, medlem i Norges Tekniske Vitenskapsakademi, medlem av Study Program Council for Marine Engineering, medlem av styringskomiteen for GCE Maritime, medlem av Norsk Industris Maritime Innovasjonsutvalg og medlem av DNVs Nordic Committee for Safety at Sea.

  1. NTB, / (14. juni 2017). «Tore Ulstein ferdig som NHO-president». smp.no (på norsk bokmål). Henta 19. oktober 2017.