Tormod Haugen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mai 1945 Trysil kommune |
Død |
18. oktober 2008 (63 år) |
Yrke | lingvist, skribent, omsetjar, barnebokforfattar |
Sjanger | barnelitteratur |
Tormod Haugen (fødd 12. mai 1945 i Nybergsund, død 18. oktober 2008) var ein norsk forfattar og omsetjar, kjend for å skriva fantastisk barnelitteratur.
Tormod Haugen studerte tysk, kunsthistorie og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som forfattar med barneboka Ikke som i fjor i 1973, sidan har han skrive ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker av høg kvalitet.
Haugen vart tildelt fleire internasjonale litteraturprisar, mellom anna H.C. Andersen-prisen som han fekk i 1990. I 1984 vart han første forfattar til å verte nominert til Nordisk Råds litteraturpris for ei barnebok. Bøkene hans har vorte omsette til mange språk.
Som omsetjar har Haugen òg stått bak fleire kjende verk, mellom anna Narnia-serien av C. S. Lewis.