Tove Karoline Knutsen | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1951 (73 år) Torsken | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, songar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Medlem | Open folkekyrkje | ||
Alle verv |
|
Tove Karoline Knutsen (fødd 14. januar 1951 i Torsken i Troms) er ein norsk kunstnar og politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms fylke i 2005 og gjenvald i 2009 og 2013. Knutsen var festspeldirektør for Festspillene i Nord-Norge i perioden 1997–2001.[1]
Knutsen har først og fremst utmerka seg som musikar og songar og som direktør for Festspela i Nord-Noreg frå 1997 til 2001. I 1980 gav ho ut albumet Blå Kveill, eit jazzinspirert visealbum med tekster av den nordnorske poeten Arvid Hanssen I 1984 gav ho ut albumet Veintetid, og vann Spellemannprisen 1984 for dette i klassen visesong.