Tracy Bonham | |||
Tracy Bonham i Webster Hall. | |||
Fødd | 16. mars 1967 (57 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Eugene i Oregon i USA | ||
Fødenamn | Tracy Kristin Bonham | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1994 | ||
Sjanger | |||
Instrument | |||
Plateselskap |
| ||
Verka som |
|
Tracy Kristin Bonham (fødd 16. mars 1967) er ein USA-amerikansk alternativ rock-musikar. Ho var fødd og voks opp i Eugene i Oregon, og er ein klassisk opplært fiolinist og pianist, og ein sjølvlært gitarist.
Etter å ha bygd opp ein lokal tilhengjarskare skreiv Bonham kontrakt med Island Records i 1995. Debutalbumet hennar, The Burdens of Being Upright (1996), var ein kritisk og kommersiell suksess og gav henne to Grammy-nominasjonar, i tillegg til å bli sertifisert gullplate av Recording Industry Association of America (RIAA) mindre enn eitt år etter utgivinga. Førstesingelen frå albumet, «Mother Mother», toppa Billboard Alternative Airplay-lista i juni 1996, som var første gongen for ein kvinneleg soloartist. Bonham vart den einaste personen som oppnådde denne bragda fram til Lorde i 2013. Forseinkingar plaga utgivinga av hennar andre album, Down Here (2000), som ikkje nådde hitlistene internasjonalt. Bonham skilde lag med Island eit år etter utgivinga av albumet, før ho vende merksemda mot å jobba med andre musikalske artistar, inkludert The Blue Man Group, som ho opptredde med på deira The Complex Rock Tour Live-turné og live-DVD i 2003.
I 2004 signerte Bonham med Rounder Records-selskapet Zoë Records, som ho gav ut sitt tredje album Blink the Brightest (2005) for. Ho har sidan jobba med ulike andre plateselskap og gitt ut tre album til, Masts of Manhatta (2010), Wax & Gold (2015) og Modern Burdens (2017), og det siste er ei nyinnspeling av The Burdens of Being Upright.
Tittel | Albumdetaljar | Listeplassering | Salstrofé | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US [1] |
US Heat. [2] |
AUS [3] |
NLD [3] |
NOR [3] |
NZ [3] |
SWE [3] | |||
The Burdens of Being Upright | 54 | 9 | 31 | 26 | 27 | 46 | 48 | ||
Down Here |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Blink the Brightest |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Masts of Manhatta |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Wax & Gold |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Modern Burdens |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
«—» syner til at innspelinga ikkje gjekk inn på lista eller ikkje vart gjeven ut i det området. |
Tittel | Albumdetaljar |
---|---|
The Liverpool Sessions |
|
Bee |
|
Something Beautiful |
|
In The City/In The Woods |
|
All I Wish Every Christmas |
|
My Big Red Heart Beats for You |
|
Tittel | År | Listeplassering | Salstrofé | Album | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US Main. [8] |
US Mod. [1] |
US Radio [9] |
AUS [10] |
CAN [11] |
NOR [12] |
NLD [13] |
NZ [14] |
UK [15] | ||||
«Dandelion» | 1995 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | The Liverpool Sessions | |
«Sunshine» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||
«Mother Mother» | 1996 | 18 | 1 | 32 | 5 | 77 | 6 | 32 | 13 | 138 | The Burdens of Being Upright | |
«The One» | — | 23 | — | — | — | — | 92 | — | — | |||
«Sharks Can't Sleep» | — | — | — | — | — | — | — | — | 93 | |||
«Behind Every Good Woman» | 2000 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Down Here | |
«Something Beautiful» | 2005 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Blink the Brightest | |
«Shine» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||
«Eyes» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||
«Big Red Heart»[17] | 2010 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Masts of Manhatta | |
«Luck»[18] | 2015 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Wax & Gold | |
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista |