Tregmaur | |
Arbeidar av tregmaur Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevenger Hymenoptera |
Familie: | Maur Formicidae |
Slekt: | Myrmecina |
Art: | Tregmaur M. graminicola |
Vitskapleg namn | |
Myrmecina graminicola |
Tregmaur (Myrmecina graminicola) er ein maur i tregmaurslekta. Arten rører seg på ein roleg måte og spelar daud om han vert uroa.
Tregmaur lever i opne skoglysningar eller lune skogkantar, gjerne med buskar og kratt.
Tregmaur vart fyrst funnen i Noreg i 1983 på Ostøya. Seinare er han vorten vanleg over store område på Austlandet, mogelegvis grunna eit mildare klima.[2]
Tregmaur liknar på skuggemaur i åtferd og noko på mørk sandmaur i utsjånad, men skil seg frå sistnemnde ved at tregmauren har kanta framhyrne på mellomkroppen.