Trevose Head | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Trevose Head 50°32′52″N 5°01′55″W / 50.5479°N 5.03191°W | |||
Wikimedia Commons: Trevose Head |
Trevose Head er eit nes nord i Cornwall i England, om lag 8 km vest for Padstow.
Trevose fyr står på det nordvestlege hjørnet av neset. Ruinane av eit kapell står òg på staden. Buktene Booby's og Constantine ligg like ved.
South West kyststi går langs heile neset. I klårt vêr er det mogeleg å sjå nesten heile den nordlege kysten av Cornwall frå neset. I nord kan ein sjå Hartland Point mellom Devon og Cornwall og i sør forbi St Ives til neset Pendeen Watch.