Troll-elgen

Sjå òg filmen Troll-elgen

Troll-elgen er namnet på ein roman frå 1921 av Mikkjel Fønhus. Delvis basert på denne romanen finst òg filmen Troll-elgen frå 1927] Troll-elgen var den fyrste romanen til Fønhus.

Den morlause elgkalven blir av bygdefolket kalla Rauten fordi han rautar som eit krøtter i haustkveldane. Etterkvart bygger det seg opp myter kring denne elgen som ikkje set vanlege elgfar, som bly ikkje bit på og som folk sjeldan kan få auge på. Jegerar flest vil ikkje jage Rauten, som dei ser på som eit andeleg vesen. Men éin jeger, Gaupa, gir seg ikkje og gjer det til si livsgjerning å få ram på «Trollelgen».

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]