Trude Dybendahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. januar 1966 Oslo |
Død | 23. august 2024 (58 år) |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 1988, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997 |
Trude Dybendahl (fødd 8. januar 1966) er ein norsk tidlegare langrennar frå Oslo. Ho vart verdsmeister på 5 km under ski-VM 1991 i Val di Fiemme. I tida 1988-97 vann ho tre OL-medaljar og seks VM-medaljar, seks av medaljane fekk ho med norske lag i 4x5 km stafett. Ho har sju individuelle verdscupsigrar. Dybendahl representerte Kjelsås IL.
Dybendahl byrja hevde seg i verdseliten frå slutten av 1986-sesongen. Litt overraskande fekk ho gå startetappen for Noreg under vinter-OL 1988 i Calgary, og tok då si fyrste av tre strake sølvmedaljar i øvinga, ettersom ho gjekk på både 1992-laget og 1994-laget, kvartettar som kvar gong tok sølv.
Dybendahl fekk si fyrste pallplassering i verdscupen då ho på nyåret 1989 vart nummer tre på ein 5 kilometer i sovjetiske Kavgolovo. Vel eit år seinare var ho tilbake i Sovjetunionen og gjekk heilt til topps framfor veteranen Raisa Smetanina og unge Larisa Lazutina, begge frå Sovjet. Seinare i 1990-sesongen vann ho to nye verdscuprenn, eitt i Örnsköldsvik og det andre på Vang i Hedmark.
1991-sesongen vart den største for Dybendahl, trass i at ho ikkje vann meir enn eitt internasjonalt renn. Ho var i sitt livs form under ski-VM i Val di Fiemme, og tok sølvmedaljen på opningsdistansen 15 km. Fire dagar etter, den 12. februar, vann ho 5 km. På stafetten gjekk ho Noreg inn til bronsemedalje.
To år seinare tok Dynebdahl bronsemedaljen på 5 km under ski-VM 1993 i Falun, hennar tredje og siste individuelle VM-medalje. Også i stafettevlinga tok ho ein bronsemedalje, der ho var tilbake som startløpar for Noregs lag. Dybendahl tok si sjette stafettmedalje då ho i Trondheim i 1997 som ankerkvinne gjekk Noreg inn til sølv på 4x5 km stafett, 16 sekundar bakom Russland.
Dybendahl vann eit verdscuprenn på Lillehammer i mars 1993. Neste verdscupsigeren kom i desember 1996 i Oberstdorf, der fire norske løparar kom øvst på resultatlista. Ho vann sin sjuande og siste siger i verdscupen, eit sprintrenn over 1 km, i svenske Sunne i mars 1997. I alt kleiv ho pallen etter 18 (7-4-7) verdscuprenn.
Dybendahl la opp etter 1998-sesongen.
Dybendahl bur i Oslo og er eigar og dagleg leiar av firmaet Trude Dybendahl Ski AS, som held kurs i skiteknikk for vaksne. Ho har skrive boka Større skiglede med bedre teknikk.