Trunking er ein teknologi for radiosamband der eit radiosystem vert brukt til å maksimera den tilgjengelege kapasiteten[1] på eit sambandsnettverk ved å gje grupper av brukarar ei logisk «samtalegruppe» på deling i staden for ein eigen radiofrekvens.
Den enkelte sitt radiosett sender datapakkar til ei datamaskin som opererer på ein eigen fast frekvens, ein såkalt kontrollkanal, for å be om kommunikasjon for ei spesifikk samtalegruppe. Kontrollaren sender eit digitalt radiosignal til alle radioar som overvaker denne samtalegruppa og instruerer radioane om automatisk frekvensbyte for å følgja kommunikasjonen. Etter at brukaren er ferdig med å snakka returnerer radioane til å overvaka kontrollkanalen for ytterlegare sendingar.
Denne organiseringa gjer at fleire grupper av brukarar kan dela på ei lita mengd radiofrekvensar utan å høyra hverandre sine samtalar. System med frekvenshopping har som hovudfunksjon å spara på avgrensa kanalkapasitet og gjev òg høve for andre avanserte funksjonar for brukarane.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |