Trådtjønnaks | |
Trådtjønnaks | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae |
Slekt: | Trådtjønnaksslekta Stuckenia |
Art: | Trådtjønnaks S. filiformis |
Vitskapleg namn | |
Stuckenia filiformis |
Trådtjønnaks (Stuckenia filiformis) er ei plante i trådtjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiing.[2]
I Noreg er arten heimleg i grunt ferskvatn eller brakkvatn. Arten er nokså vanleg i mange delar av landet.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]
Trådtjønnaks finst i fleire former, og det kan vere at plantene i Noreg kan skiljast i to ulike underartar, men dette er ikkje utgreidd:[2]
Hybriden med busttjønnaks (S. filiformis × S. pectinata eller S. ×suecica)[4] er funnen spreidde stader nær kysten frå Agder til Troms, men finst truleg fleire stader der foreldreartane finst. Ein hybrid med sliretjønnaks (S. filiformis × S. vaginata eller S. ×fennica)[5] er funnen i Brønnøy i Nordland.[2]