Tur'an | |||
טורעאן, תֻּרְעָן, طرعان | |||
lokal kommune | |||
Abu Baker Sadic-moskeen i Tur'an i 2011
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°46′36.97″N 35°22′32.43″E / 32.7769361°N 35.3756750°E | ||
Areal | 13,1 km² | ||
Folketal | 11 100 (2006)[1] | ||
Folketettleik | 847 / km² | ||
Bystatus | 1959 | ||
![]() Tur'an 32°46′37″N 35°22′32″E / 32.776936111111°N 35.375675°E | |||
Wikimedia Commons: Tur'an |
Tur'an (arabisk طرعان, hebraisk תֻּרְעָן) er ein israelsk-arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel. Han ligg ved foten av fjellet Tur'an og Tur'andalen, nær hovudvegen frå Haifa til Tiberias, og kring 7 km nord for Nasaret.[2] I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, Tur'an hadde eit folketal på 11 100, hovudsakleg muslimar, i 2005.[1]
Landsbyen vart i romersk og bysantinsk tid kalla Tir'an. Det var ein jødisk landsby og innbyggjarane konverterte truleg til islam på slutten av den tidlege islamske tida (800-1100-talet) i Palestina.[3]
Palestine Exploration Fund fann i Survey of Western Palestine (SWP) grotter og utskorne cisterner i landsbyen, som dei skreiv må ha vore ein eldgamal stad.[4]
I 1517 vart Tur'an i lag med resten av Palestina ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra from mamelukkane, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 48 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar.[5]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Tur'an i 1870, og estimerte at han hadde 350 muslimar og 200 «grekarar».[6] I 1881 skildra Survey of Western Palestina han som «Ein steinlandsby, delvis bygd av basalt, med kring 300 innbyggjarar, halvparten kristne, halvparten muslimar.[..] Landsbyen ligg ved foten av åsane og er omgjeve av olivenlundar. Det ligg ei god kjelde i nordvest.»[7]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Tur'an eit folketal på 768; 542 muslimar og 226 kristne.[8] Folketalet hadde auka i folketeljinga i 1931 til 961; 693 muslimar og 268 kristne, i alt 188 busette hus.[9]
I 1945 var folketalet 1 350, alle arabarar, med 29 743 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 153 dekar for plantasjar og irrigert land, 11 909 for korn,[11] medan 34 dekar vart utbygd land.[12]
Den 18. juli 1948 erobra israelarane Tur'an under den andre delen av Operasjon Dekel. Husa til dei som hadde flykta frå landsbyen vart seinare nytta til å huse arabiske flyktningar frå nabolandsbyar. Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.[13][14]