Turmus 'Ayyā | |||
ترمسعيّا, Turmus'ayyeh, Tourmous Ayyeh | |||
kommune | |||
Namneopphav: Thormasia[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 32°02′09″N 35°17′10″E / 32.03583°N 35.28611°E | ||
Areal | 17,6 km² | ||
Folketal | 3 736 (2007) | ||
Folketettleik | 212 / km² | ||
Turmus Ayya 32°02′09″N 35°17′10″E / 32.035833333333°N 35.286111111111°E | |||
Kart som viser Turmus Ayya.
| |||
Wikimedia Commons: Turmus Ayya |
Turmus Ayya (arabisk ترمسعيّا, hebraisk skrift תורמוס עיא) er ein palestinsk by som ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement på Vestbreidda. I området rundt ligg landsbyane Sinjil (سنجل), Khirbet Abu Falah (خربة ابو فلاح) og den israelske busetjinga Shilo. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde han eit folketal på 3 736 i 2007.[2]
Turmus Ayya ligg 22 km nordaust for byen Ramallah. Han dekkjer kring 18 kvadratkilometer og ligg 720 moh. Han er den nordlegaste byen i Ramallah-distriktet. Turmus Ayya har same klima som resten av det sentrale Vestbreidda, med regn om vinteren, og tørre, varme somrar.
I 1596 var Turmus Ayya oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 43 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og fann her eldgamle cisterner, hus bygde av tilskjerte steinar, ein øydelagd overliggar med ein krans inngravert og fragment av ei søyle.[4] Han skreiv vidare at landsbyen hadde kring 700 innbyggjarar, og vart styrt av to sjeikar og delt inn i to forskjellige område. Somme av dei gamle cisternene var nesten tørre, og kvinnene måtte hente vatn anten frå Ain Siloun eller Ain Sindjel.[5]
Palestine Exploration Fund skildra i Survey of Western Palestine i 1882 Turmus 'Aya som «ein landsby på ei låg høgd, med ei frodig slette, og ei kjelde i sør. Landsbyen er mellomstor, og omgjeve av frukttre. I sør, ved foten av høgda, ligg ein i augefallande kvit kuppel over den heilage staden.»[6]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Turmus Ayya eit folketal på 707, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 185 busette hus og eit folketal på 717, alle muslimar, utanom éi kristen kvinne.[8]
I 1945 var folketalet 960, alle arabarar, medan det samla landarealet var 17 611 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 3 665 for plantasjar og irrigert land, 7 357 for korn,[10] medan 54 mål var klassifisert som utbygde område.[11]