Tverrådalskyrkja | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Innlandet, Vestland | ||
Fjellområde | Breheimen | ||
Høgd | 2 087 moh. | ||
Primærfaktor | 650 m | ||
Lettast tilkomst | Austryggen frå Fortundalsbreen. | ||
Førstestiging | 2. august 1842 av Harald Nicolai Storm Wergeland | ||
Koordinatar | 61°44′39.96″N 7°41′11.74″E / 61.7444333°N 7.6865944°E | ||
Tverrådalskyrkja 61°44′40″N 7°41′12″E / 61.744433333333°N 7.6865944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Tverrådalskyrkja |
Tverrådalskyrkja (2087 moh.) er eit ryggforma fjell på grensa mellom Skjåk kommune i Innlandet i nord og Luster kommune i Vestland i sør. Fjellet ligg i fjellområdet Breheimen. Den høgaste toppen (Tverrådalskyrkja eller Store Tverrådalskyrkja) er 2087 moh. Toppen har ein særs karakteristisk og dominerande profil frå Sota i Skjåk. Tverrådalskyrkja har òg et lågare toppunkt, Søre Tverrådalskyrkja, som er 2034 moh. og ligg om lag 700 m sørvest for det høgaste toppunktet. Toppen vart første gong nådd 2. august 1842 av Harald Nicolai Storm Wergeland. I dag er den vanlegaste ruta til toppen opp austryggen frå Fortundalsbreen.