Twilight Time Singel av The Platters | ||
B-side |
«Out of My Mind» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1958 | |
Sjanger | R&B, traditional pop | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | Mercury Records 71289 | |
Komponist | Al Nevins, Morty Nevins, Artie Dunn | |
Tekstforfattar | Buck Ram | |
Låtskrivar(ar) | Buck Ram, Morty Nevins, Al Nevins, Artie Dunn | |
The Platters-kronologi | ||
«Helpless» (1958) |
Twilight Time | «You're Making a Mistake» (1958)
|
«Twilight Time» er ein popsong med tekst av Buck Ram og musikk av The Three Suns (Morty Nevins, Al Nevins og Artie Dunn). Ram sa at han opphavleg skreiv teksten som eit dikt, utan musikk, medan han sstuderte.[1]
Den første instrumentale innspelingane av «Twilight Time» vart gjort av The Three Suns[1] (1944) og Les Brown & His Band of Renown (1945).[2]
Les Brown sin versjon vart spelt inn i november 1944 og gjeven ut tidleg i 1945 som B-sida til «Sentimental Journey», den første innspelinga av denne songen. Medan A-sida vart sungen av Doris Day, var «Twilight Time» ein instrumental. Den første vokale versjonen av songen kom òg i 1945 av bandleiaren Jimmy Dorsey med Teddy Walters på vokal.[3]
Han har blitt spelt in mange gonger opp gjennom åra av forskjellige artistar. Den mest kjende versjonen av songen vart spelt inn av The Platters[1] og han gjekk til topps på poplista og R&B Best Sellers-lista i 1958 i USA.[4] Songen nådde òg tredjeplassen i Storbritannia.[5] I 1963 spelte The Platters inn ein spanskspråkleg versjon av songen kalla «La hora del crepúsculo», sungen i rumbastil.