John Charles Alder | |||
Fødd | 29. november 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Colchester | ||
Fødenamn | John Charles Edward Alder | ||
Alias | Twink | ||
Opphav | England | ||
Aktiv | Sidan 1963 | ||
Sjanger | Psykedelisk musikk | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | The Fairies, Tomorrow, The Pretty Things, The Pink Fairies, PinkWind, The Rings, Syd Barrett, Stars | ||
Plateselskap | Decca, HMV, Parlophone, Sire, Columbia, Rare Earth, Midnight | ||
Verka som | Musikar, trommeslagar, perkusjonist, songar-låtskrivar, skodespelar |
John Charles Edward Alder (fødd 29. november 1944), betre kjend som Twink, er ein engelsk trommeslagar, songar og låtskrivar, som var ein sentral person i den engelske psykedeliske rørsla. Han var òg skodespelar. I 2006 omvende Alder til islam og byta namn til Mohammed Abdullah, men speler framleis inn musikk som Twink.[1][2]
Alder byrja karrieren sin som trommeslagar for eit rhythm and blues-band frå Colchester kalla Dane Stephens and the Deep Beats i 1963. Då gruppa fekk kontrakt med Decca Records året etter tok dei namnet The Fairies. Alder tok namnet Twink etter ein hårkrem som han ofte fekk i gåve av fansen fordi han hadde langt, krøllete hår. Han dukka opp i 1967 som medlem av det britiske psykedeliske bandet Tomorrow og året etter gav dei ut det einaste albumet sitt. Kort tid etter skipa han det kortvarige The Aquarian Age, som vart oppløyst etter berre ein singel, «10,000 Words in a Cardboard Box».
Han vart så med i The Pretty Things og spelte på den kritikarroste rockeoperaen S.F. Sorrow før han slutta i bandet i 1969. Han gjekk då solo og gav ut det første soloalbumet sitt i 1970, Think Pink. Denne innspelinga førte til skipinga av bandet The Pink Fairies, som Twink skipa med medlemmer av den psykedeliske comboen The Deviants. Etter at dei gav ut debutplata si Never Never Land i 1971, slutta han i gruppa og gjekk inn i gruppa Stars, ein trio som bestod av det tidlegare Pink Floyd-medlemmet Syd Barrett og bassisten Jack Monk. Stars-karrieren vart særs kort. Barrett gjekk av scenen halvvegs gjennom debutkonserten og kom aldri attende.
Resten av tiåret brukte Twink som studiomusikar. I 1975 deltok han på ei innspeling med Pink Fairies før han gav ut solo-EP-en Do It (With the Fairies) tre år seinare. Trass i eit lengre avbrekk frå studio, fortsette Twink å turnere og vart stundom med Pink Fairies på konsertar, og i 1989 gav han ut You Need a Fairy Godmother, eit konsertopptak med det neo-psykedeliske bandet Plasticland. Mr. Rainbow kom ut eit år seinare. Seinare i 1990-åra samarbeidde han med [[Hawkwind]-]grunnleggjaren Nik Turner i bandet 'PinkWind' – eit namn som refererte til Hawkwind/Pink Fairies. Dei hadde jamma i lag tidleg i 1970-åra. Dei gav ut to album. Out of the Pink into The Blues kom ut med Mouse & Twink: Fairies i 1996.
Tidleg i 2000-åra flytta Twink til Marrakesh i Marokko.
Våren 2018 gav Twink og Jon Povey ut eit konseptalbum med musikk inspirert av dikta til Aleister Crowley under namnet Star Sponge Vision kalla Crowley and Me.[3]
Twink har òg arbeidd som skodespelar, første gongen i 1960-åra med filmen Smashing Time med andre medlemmar av Tomorrow som det oppdikta bandet «The Snarks».[4] Utover i 1980-åra arbeidde Twinkk som skodespelar i britisk fjernsyn og dukka opp i mellom anna:
År | Tittel | Selskap | Katalognummer | Format | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
1970 | Mona – The Carnivorous Circus | Transatlantic Records | TRA 212 | LP | innspeling desember 1969 med Mick Farren |
1978 | Do It '77 - Psychedelic Punkeroo - Enter The Diamonds | Chiswick Records | SWT 26 | 12" EP | Med Twink and The Fairies |
1989 | You Need a Fairy Godmother | Midnight Records | MIRLP 144 | LP | Konsertalbum med Plasticland |
1989 | One Hundred Miles Below | Big One Guitar | OBG LP 9005 | LP | Konsertalbum med Magic Muscle |
1990 | Magic Eye | Woronzow | WOO 13 | LP | Med The Bevis Frond som Bevis & Twink |
2013 | You Reached For The Stars | Sunbeam | SBRCD 5098 | LP | Med Technicolour Dream |
2018 | Crowley and Me | Mega Dodo | DODOLP 28 | LP | Med Star Sponge Vision |