Tzova | |||
צובה | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°47′3.48″N 35°7′10.55″E / 31.7843000°N 35.1195972°E | ||
Folketal | 578 (2007) | ||
Grunnlagd | 19. oktober 1948 | ||
• Grunnlagd av | Palmach-soldatar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Tzova 31°47′03″N 35°07′11″E / 31.7843°N 35.119597222222°E | |||
Kart som viser Tzova.
| |||
Wikimedia Commons: Tzova | |||
Nettstad: www.tzuba.org.il |
Tzova (hebraisk צוֹבָה), òg kalla Palmach Tzova (hebraisk פלמ"ח צובה) eller Tsuba, er ein kibbutz i Judeafjella, i utkanten av Jerusalem i Israel. Han er ein del av Mateh Yehuda regionale kommune. I 2007 hadde kubbutzen eit folketal på 578.
I tida kring kong David låg det ein jødisk busetnad der Tel Tzova ligg i dag, i følgje Andre Samuelsbok 23:36. I følgje somme forskarar, kan han daterast enno lengre attende til tida kring Josva Bin-Nun, i følgje Josva 15:59 i Septuagint.
I 1170 vart krossfararborga Belmont bygd her for å vakte over vegen til Jerusalem. Belmont vart erobra av Saladin i 1191.
Den nærliggande arabiske landsbyen Suba var åstad for harde kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948 på grunn av den strategiske plasseringa med utsyn over vegen til Jerusalem. Sint i 1947 og tidleg i 1948 var irregulære styrkar frå det egyptiske Muslimsk brorskap stasjonert i Suba og gjekk til åtak på jødisk trafikk på hovudvegen mellom Tel Aviv og Jerusalem. Landsbyen vart erobra av Palmach natt til 13. juli, som ein del av Operasjon Danny. Dei fleste innbyggjarane flykta under kampane, og resten vart så utvist.[1] I oktober 1948 oppretta Ameilim-gruppa av Palmach-veteranar Misgav Palmach kibbutz 1 km sør for Suba, som seinare fekk namnet Tzova.[2]
I 1999 vart det funne ei grotte som ein trur kan ha vore grotta til Johannes døyparen under arkeologiske utgravingar i området i frukthagane til kibbutzen, ikkje langt frå Ein Karem, den tradisjonelle fødestaden til Johannes.[3] På 300- og 400-talet evt, vart grotta heilaga og nytta av bysantinske munar som ein kristen, heilag stad. På veggane er nokre av dei tidlegaste teikningane som er kjend i lokal, kristen kunst.[4] Strukturane utafor grotta er daterte til den hellenistiske perioden (100-talet fvt.) og indikerer at grotta vart nytta både som eit vassreservoar og ein badeplass. Vatn vart samla frå dalen og kanalisert inn i grotta, via eit vassfiltreringssystem. Ei sluse let noko av vatnet bli kanalisert frå det filtrerte bassenget og ut på beitemarkene.