USA Union Studioalbum av John Mayall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1970 | |
Innspelt | Larrabee Studio, Los Angeles i USA | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 47:44 | |
Selskap | Polydor | |
Produsent | John Mayall | |
John Mayall-kronologi | ||
---|---|---|
Empty Rooms (1970) |
USA Union | Back to the Roots (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Rolling Stone | (middels)[1] |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
USA Union er eit studioalbum frå 1970 av bluesmusikaren John Mayall med Harvey Mandel på gitar, Larry Taylor på bass og Don «Sugarcane» Harris på fiolin. Albumet vart spelt inn 27. og 28. juli 1970 i Larrabee Studios i Los Angeles og kom ut same året på Polydor.[3]
Mot slutten av 60-åra hadde John Mayall flytta til Laurel Canyon i Los Angeles og hadde blitt kjend med lokale musikarar. Han vart vener med Harvey Mandel og Larry Taylor, som begge nettopp hadde slutta i Canned Heat. Taylor hadde spelt på ein song på det førre albumet til Mayall, Empty Rooms. Med denne nye heilamerikanske besetninga, gjekk Mayall i ei meir jazzaktig bluesretning, som ein først kunne høyre på konsertalbumet The Turning Point. Det uvanlege formatet (elektriske gitarar av Mayall og Mandel, Mayall på piano og munnspel, og med Harris på elektrisk fiolin, Taylor på akustisk og elektrisk bass, og ingen trommer) gav ein unik stil.
Songane dokumenterer den dåverande romansen mellom Mayall og Nancy Throckmorton, noko han òg song om på Empty Rooms. Ho tok fotografiet for plateomslaget. På turneen som følgde fekk Mayall med seg trommeslagaren Paul Lagos frå Kaleidoscope.
Alle spor skrivne av John Mayall
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Nature's Disappearing» | 5:58 |
2. | «You Must Be Crazy» | 3:58 |
3. | «Night Flyer» | 5:36 |
4. | «Off the Road» | 2:51 |
5. | «Possessive Emotions» | 5:22 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Where Did My Legs Go» | 3:48 |
7. | «Took the Car» | 4:11 |
8. | «Crying» | 6:30 |
9. | «My Pretty Girl» | 4:24 |
10. | «Deep Blue Sea» | 5:06 |